Sikkerhetsinformasjon om flystedene våre
18.01.03
Av Olav Kant, sikkerhetsansvarlig i Hardanger Paragliderklubb
Publisert i Klubbinfo 2001/2002 |
Som faglig leiar/sikkerhetsansvarlig i klubben vår, vil
eg først sei nokre ord om forskjellen på pilotnivå. Etterkvart har vi klubben vår
fått utøvarar på alle nivå, frå dei heilt ferske, via "søndagspilotar" til
erfarne konkurranse/distansepilotar.
Langt frå all flyging passar for alle desse nivåa.
Ferske pilotar bør for sin eigen del holde seg til lett flyging for å samle erfaring og
tid i lufta. Det å starte klokka tre på ettermiddagen frå f. eks. Nosi i slutten av mai
på ein "knalldag" passar IKKJE dei aller ferskaste. Det har vore forsøkt før,
og resultatet har hittil vore MINST tre ferske pilotar i bakken.
Husk at progresjonen er lagt opp som ein stige, der ein
ideelt samlar erfaring i lette forhold før ein prøver seg på litt tøffare forhold. Du
må gjerne fly mye og ofte, og klatre denne stigen til trinn 5 på kort tid (minst eitt
år) men sørg for at du går ALLE trinna. Slik flyging frå Nosi som eg nemde ovanfor,
kan være krevande nok for PP4 og PP5, då seir det seg sjølv korleis det vil opplevast
for dei med langt mindre efaring. Er dei heldige, så flyr dei ned og landar, og prøver
seg igjen seinare. I verste fall diggar dei spenninga, og er blir ein fare både for seg
sjølv og andre.
Forsøk å fly mest mulig saman med andre og meir
erfarne pilotar, og du må gjerne ringe og mase for å få oss ut og fly!
Med bakgrunn i diskusjonar mellom erfarne piloter i
klubben og hendelsar det siste året ute på flystadene våre, ser faglig
leder/sikkerhetsansvarlig det som naturlig at vi kommer med litt info og advarsler.
Novle i Røldal
Et nydelig flysted, der ein på sommaren bare unntaksvis får korte skliturer. Stort sett
er det enkelt å fly her men sørg for å hold deg på framsida av hanget så lenge
du er fersk i sporten og på flystaden. Mange ganger har pilotar prøvd å følge
termikken opp og innover platået. Så følger dei ikkje nok med på avdrift, og plutseleg
er dei for lavt, i motvind og synk. Har dei flaks, når dei ikkje fram til rotoren like
bak kanten, men landar inne på platået. Dette har skjedd FOR ofte, og burde være enkelt
å unngå. At erfarne pilotar flyr innover platået mens dei skrur i termikken betyr ikkje
at dei som er ferske behøver å prøve det same.
Vidare er det på sin plass å opplyse om fare for
turbulens over landinga på Novle, når vinden kjem frå N eller NV. Generelt virkar det
som om dette er eit større problem om hausten enn om sommaren, når solgangsbrisen frå
Røldalsvatnet dominerar over den generelle vindretninga. Selvfølgelig vil turbulensen
auke jo sterkare vinden er.
Ellers er det eindel høgspent i landingsområdet, så
hold augene oppe!
Lauvås i Røldal
Ein fin flystad, som dessverre er belemra med eindel høgspent. Dette er den tidligaste
sommarstaden vi flyr på i Røldal, det er vanligvis mulig å ta seg fram til start frå
byrjinga av mai. Det som er spesielt her, er at du ser IKKJE landinga frå start, og får
du kjempesynk etter start har du eitt alternativ til trygg landing: Vegen opp til start.
Under start går det ein svær høgspent, og på veg mot landing må du over
kraftstasjonen ved vatnet. I Røldal er det fleire landingsalternativer, men sjekk
landinga før du flyr. Telenor og det lokale E-verket er ein driftig gjeng, så det er
stadig nye ledningar rundt i bygda.
Nosi, Lofthus
Også ein fin plass
å fly, men her kan forholda fort bli VEL kraftige for dei ferskaste. Her har vi hatt
fleire næruhell dei siste par åra, så under følger nokre gode råd.
Dersom hovedvindretninga er N eller NV- ikkje fly lavt
og tett på terrenget under Duk!! Då flyr du heile tida i lè, og det lærte du
allerede på nybegynnerkurset var farlig. Enkelte har opplevd forskjellige episodar på
nordavind, og noen av oss meir erfarne har nærmast venta på at nokon skal skada seg. La
det ikkje bli deg!!
Austrepollen, Kvinnherad
Vidare har vi ein lett tilgjengelig flystad i Austrepollen, Kvinnherad. Det spesielle her
er høgspenten som omgir landinga, og IKKJE minst, som kryssar over bomstasjonen. Flyr du
inn i "botnen" bak tunnellmunningen kommer du neppe ut igjen til hovedlandinga.
Denne høgspenten er ikkje merka og er dermed vanskelig å sjå frå lufta, så MERK deg
kor ledningane går FØR du flyr!!! Det er mulig å landa like ved bomstasjonen, før du
kryssar under ledningane. For din eigen, og sporten sin del, følg med, og tenk deg om!
Håradalen/Røldal Skisenter
I skisenteret er det lett å få mange turar på kort tid. Imidlertid er det en del regler
som skal følges her, ellers får daglig leder hjerteinfarkt. Regler for flyging i
skisenteret vil bli slått opp ved heisene, følg disse reglane, ellers kan vi risikere å
bli bortvist fra senteret. Og det vil vi helst unngå! Skal du fly her har eg eit råd:
Skaff deg miniski, til bruk i T-krokheisen som går til toppen av anlegget!
|